Hopp til innhold

Sju måtte rydde i frontruta

Statens vegvesen hadde kontroll på Kjøs i Hornindal i dag, og sju sjåførar måtte fjerne gjenstandar i frontruta før dei fekk køyre vidare. Årsaka er at det er trafikkfarleg. Ein sjåfør hadde eit punktert dekk på hengaren, og ein annan hadde ikkje nok kjettingar og måtte kjøpe fire stykke før han fekk køyre vidare.