Hopp til innhold

Vart stoppa med feil på bremsene

Ein semitrailer fekk ikkje lov til å køyre vidare under ein kontroll på Håbakken i Lærdal i dag. Grunnen var feil med bremsene og ein laus aksel. I same kontrollen vart det og skrive ut gebyr for både manglande vognkort, dårleg sikring av last og overlast. I tillegg fekk to sjåførar åtvaring for brot på køyre- og kviletidsreglane, opplyser Statens vegvesen.