Hopp til innhold

Kan bli snøfokk på fjellovergangane

Snø og vind kan skape litt trøbbel på fjellovergangane, melder Meteorologisk institutt. Det er nedbør på veg mot fylket og vinden er venta å ta seg opp. Det kan gi snøfokk på fjellovergangane. I tillegg har det vore kaldt ein periode, slik at regn kan legge seg som is i vegen.