Hopp til innhold

Fullbooka på to minuttar

To minuttar tok det å få fullbooka neste års utgåve av sykkelløpet Jotunheimen Rundt. Det skriv Sogn Avis. Det 430 kilometer lange løpet frå Lærdal via Fagernes og Lom til Sogndal blir neste år arrangert for 28. gang. Då påmeldinga vart lagt ut 1. desember vart dei 600 plassane rivne bort. Allereie står det 1.200 på ventelista.

Jotunheimen Rundt
Foto: Jan Christian Jerving / NRK