«Mor Aurlandsdalen» heidra
Kristin Sønnerheim (85) vart i dag heidra med fylkeskulturprisen for arbeidet med å gjere Aurlandsdalen tilgjengeleg for ålmenta. Sønnerheim vart særskilt heidra for arbeidet ho har lagt ned på garden Sinjarheim og stiane og vegane ho har rydda for turgåarar. Prisen er på 50.000 kroner.