Hopp til innhold

Overvaking skal hindre kaos

Statens vegvesen innfører overvaking på vegarbeidsområdet på E-39 langs Jølstravatnet, fordi lysreguleringa ikkje har fungert. Seinast førre helg vart det trafikkaos då lysa gjekk i stå etter at bilistar ikkje respekterte trafikklysa. Fredag og søndag vil overvakinga vara frå kl. 14:00 til midnatt, laurdag frå kl. 10:00 til 20:00. Ordninga vil gjelde alle helgar fram mot jul.