Hopp til innhold

Skal få kommunesvar i vinter

I mars neste år skal bygdefolket i Nessane i Balestrand vite om dei skal bli med i den nye Sogndal kommune, eller om dei får byte til Høyanger kommune. Det skriv Sogn Avis. Bygda høyrer i dag til Balestrand kommune, men ligg berre to mil ifrå Høyanger sentrum. – Det skal no lagast ein plan, og heile prosessen med høyringar skal vera ferdig innan 1. mars i 2018, seier Kjellaug Brekkhus, rådmann i Balestrand, til avisa.

Nesseplast i 1967
Foto: © Nesseplast