Hopp til innhold

Sigrar for Førde volleyball

Både herrelaget og kvinnelaget til Førde Volleyballklubb gjekk sigrande ut av kvartfinalen i NM i dag. Damene slo Randaberg 3-0 i ein kamp i Gaularhallen, medan herrane slo Koll med same siffer i Oslo. Kvartfinalane går over to kampar, og begge lag skal spele ein ny kamp neste helg.

Mathias Loftesnes og Lars Fredrik Tvinde
Foto: Rune Fossum / NRK