Hopp til innhold

Kjøper vindkraft frå Sverige

Hydro har i dag skrive kontrakt med svenske Markbygden om kjøp av 1,65 terrawattimar årleg. Krafta skal brukast til å sikre satsing på produksjon av fornybar aluminium i Norge, skriv Hydro i ei pressemelding. Dette er den andre vindkraftkontrakten til Hydro. Tidlegare har dei sikra seg vindkraftleveranse frå vindmølleparken som er under bygging på Fosen-halvøya i Trøndelag.