Hopp til innhold

Vil legge ned Helse Førde

– Helse Førde bør bli slått saman med Helse Bergen, meiner tidlegare fagdirektør i Helse Førde, Hans Johan Breidablik. Han tykkjer helseføretaket er for lite til å vere sjølvstendig, og meiner samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland er eit godt tidspunkt å løfte debatten. Styreleiar i Helse Førde, Agnes Landstad, vil ikkje kommentere utspelet til Breidablik.