Hopp til innhold

Ankar ikkje frifinning

Statsadvokat Magne Nyborg ankar ikkje frifinninga av den tidlegare kjøkkensjefen ved Selje Hotell. Mannen var ein av tre brør tiltalt for brannstifting, forsikringssvindel og økonomisk utruskap. Berre den tidlegare hotelldirektøren vart dømd for brannstiftinga. Den tidlegare styreleiaren vart frifunnen for brannstifting. Nyborg vil anke denne. Heller ikkje domen mot den tidlegare hotelldirektøren blir anka.

Statsadvokat Magne Nyborg
Foto: Oddleif Løset / NRK