Hopp til innhold

Vil ha barnehus til Florø

Eit barnehus bør liggje i Florø, og ikkje i Førde, det meiner Wenche Hovland ved krisesenteret i Sogn og Fjordane. Det skriv Firdaposten. Tidlegare har fleire teke til ordet for å opprette ein stad i fylket der born utsett for vald eller overgrep kan bli avhøyrt av politiet. Så langt har dei fleste peikt på Førde, men Hovland meiner barnehuset må kome i tilknyting til krisesenteret i Florø.

Wenche Hovland
Foto: Truls Kleiven / NRK