Får dronninga sin skulepris
Firda vidaregåande skule på Sandane har fått dronning Sonja sin skulepris for 2017. Skulen får prisen for arbeidet med likeverd og inkludering og at dei ser kvardagen til elevane i ein større samanheng. Prisen vert overrekt av dronninga sjølv på eit arrangement på skulen 28. november. Prisen er på 250.000 kroner og eit kunstverk utforma av dronninga.