Hopp til innhold

Vil ha redusert fengselsstraff

Forsvararen vedgår at hotelldirektøren har underslått pengar frå Selje Hotel. Men han meiner underslaget er på 2,2 millionar, ikkje 3,3 millionar slik aktor har hevda. – Å låne pengar med arbeidsgjevaren for så å ha til hensikt å betale attende seinare, er også eit underslag. Men det er eit heilt anna underslag enn dei som puttar pengane i eige lomme utan at ein kan spore det i rekneskapen. I denne saka er det ikkje gjort noko forsøk på å skjule uttaka. Dette må ha stor betydning for straffeutmålinga, meiner forsvararen. Aktor meiner hotelldirektøren må sitje seks år i fengsel.