Hopp til innhold

Frifunnen for seksuell omgang

Ein mann frå Sunnfjord er frifunnen for to tilfelle av seksuell omgang med ei tre år yngre jente. Jenta var under 16 år ved begge tilfella. Retten har frifunne mannen på bakgrunn av at dei i lovas forstand er jamgamle og at handlinga har vore frivillig. Men sunnfjordingen må betale ei erstatning til jenta på 25.000 kroner. Aktor på si side la ned påstand om fengsel i sju månader.