Hopp til innhold

Kaupanger tapte i Rogaland

Damelaget til Kaupanger må ta den lange vegen heim frå Rogaland med tap i bagasjen, etter at Avaldsnes 2 vann 2–0 søndag ettermiddag. Kaupangar kjempar heilt i toppen av tabellen i avdeling 4 i 2. divisjon, medan Avaldsnes 2 før kampen i dag berre hadde vunne fire kampar og ligg heilt nede på 11.-plass. Kaupanger-damene har sidan i sommar slite med sjølvtilliten.