Hopp til innhold

UDI om nedlegging

Hadde ikkje justisdepartementet freda Solbakken asylmottak i Florø, er det ikkje sikker at mottaket i Førde hadde blitt lagt ned. Det seier regiondirektør Stig Arne Thune i UDI til Firda. Fleire har meint at politikarane som kjempa for å snu nedleggingsvedtaket i Florø måtte forstå at dette ville få konsekvensar for andre mottak i nærleiken. Statssekretær Vidar Brein-Karlsen (FrP) avviste i eit intervju med NRK i går at departementet i praksis har prioritert ein småby i Sogn og Fjordane framfor ein annan ut frå politiske motiv.