Hopp til innhold

Ordførarane vert vigselmenn

Frå 1. januar får ordførarane i kommunane ei heilt ny oppgåve. Då er det nemleg dei og ikkje tingretten som skal stå for borgarlege vigsler. Sogn Avis skriv at alvoret gjekk opp for ordførar Ivar Kvalen i Luster då eit par ringde og ville avtale dato for vigsle neste år. I Luster har dei planar om å bruke kommunestyresalen eller ordførarkontoret til den høgtidlege seremonien.