Hopp til innhold

Fryktar dei vil miste abonnentar

Lokalaviser er uroa for korleis dei skal få levert avisene ut til abonnentane sine når dei nye reglane til Posten tek til å gjelde. Frå årsskiftet er det nemleg ikkje skilnad på A- og B-post, noko som gjer at posten vil bruke to dagar på å kome fram. Redaktør Bengt Flaten i Fjordingen i Stryn seier dette er alvorleg. Han fryktar at lokalavisene vil miste abonnentar utanfor nærområdet.