Hopp til innhold

Gode NM-resultat

Breimsbygda IL vart, med eitt gull og to sølv, nummer to lagmessig under NM 5-kamp vektløfting i Larvik i går. På biletet ser vi Breimsbygda IL sine deltakarar med medaljevinnarane fremst: Frå v. Mathias Dale (sølv), Vilde Sårheim (gull), Robert Andre Moldestad (sølv). Bak frå venstre: Leiv Arne Støyva Sårheim og Bjarne Bergheim. Gode resultat fekk også Tambarskjelvar sitt lag som kom på sjette plass totalt med eit gull til Henrik Reiakvam og eit sølv til Marit Årdalsbakke.

Breimsbygda IL sine deltakarar under NM 5-kamp
Foto: Picasa