Hopp til innhold

Hovudtillitsvald blir personalsjef

Eirik Rostad Ness er tilsett som ny HR-direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane. Rostad Ness går frå vervet som hovudtillitsvald i banken inn i konsernleiinga. – Eg trur erfaringa mi som hovudtillitsvald kjem til å bli ein viktig ressurs i dei omstillingsprosessane som er i gang og som kjem framover. Sjølvsagt vil det bli utfordrande, og eg veit mykje om kva dei tilsette tenkjer om det som skjer no, seier Rostad Ness.

Eirik Rostad Ness
Foto: Sparebanken Sogn og Fjordane