Hopp til innhold

Rotevatn kan verte statsråd

Sveinung Rotevatn frå Nordfjordeid er høgaktuell som statsråd i ei ny borgarleg regjering. Det seier fleire sentrale kjelder i Venstre til VG i dag. Rotevatn vart ikkje attvald som stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane. Men no kan han altså få plass i regjeringa om Venstre bestemmer seg for å slå følgje med Erna Solberg.Sjølv seier Rotevatn til avisa at han synest det er hyggjeleg å verte omtalt som statsråd-kandidat.