Hopp til innhold

Scora tre i uavgjortkamp

Årdølen Hege Bakken Wahlquist sette inn tre mål då laget hennar, Silkeborg-Voel, i kveld spelte uavgjort 25-25 mot Viborg i den danske eliteserien i handball. Viborg leia med fem mål fem minutt før full tid, men ein sluttspurt frå heimelaget enda med at bergensaren Stine Skogrand sette inn utlikninga i sluttsekundet. Hege Bakken Wahlquist har scora 11 mål på dei tre seriekampane ho har spelt.

Hege Bakken Wahlquist
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK