Hopp til innhold

Meiner heimevernet må styrkast

Over halvparten av dei spurde i ei meiningsmåling i Sogn og Fjordane meiner heimevernet må styrkast. Stein Mortensbakke, som er sjef i Kinn HV-området, seier til Firda at han meiner heimevernet ikkje lenger kan fylle si rolle. Til avisa seier han at han reknar med at han med sine 138 soldatar berre kan halde stand i ei veke eller to i krise. Toppkandidat for Høgre i fylket, Frida Melvær, meiner forsvaret må styrkast.