Hopp til innhold

Farleg skuleveg i Gloppen

På Egge i Gloppen må skuleborna gå 400 meter i 80-sona langs E39 for å kome til busshaldeplassen, skriv Firda. Foreldra torer ikkje la dei to elevane på åtte og ti år gå åleine. Det finst ikkje fortau, så borna må gå i vegbana, og bilane held høg fart på staden. I april vart ein bilførar teken i 134 kilometer i timen på strekninga.