Hopp til innhold

Skattar frå Sogn stolne

Skattar frå Sogn er blant gjenstandane som er stolne frå Historisk Museum i Bergen. Det ser ikkje ut til å vere tilfeldig kva tjuvane har teke, seier professor Liv Helga Dommasnes til Sogn Avis. Blant gjenstandane som er stolne er to bronsespenne frå Aurland, ein gamal kross i bronse frå Vik i tillegg til fleire gjenstandar frå Sogndal og Årdal.