Hopp til innhold

Flyttar studieum til Sogn

Måndag startar feltstudiet for masterstudentar i arkeologi i Lærdal. Fram til 15. september vil Universitetet i Bergen gjere utgravingar på Grøtte. Studentane vil også få opplæring i korleis registrere kulturminne, og aktuelle grunneigarar vil bli spurt om løyve. I ei pressemelding opplyser professor Sæbjørg W. Nordeide at universitetet vil halde eit arrangement onsdag 13. september om kva funn som er gjort.

Dr. Prof. Sæbjørg Walaker Nordeide
Foto: Odd Helge Brugrand / NRK