Hopp til innhold

Mange bilar med overlast

Ved ein kontroll på E39 i Førde i går fekk ni tyngre køyretøy bruksforbod. Tre av dei hadde overlast og måtte betale til saman vel 20.000 kroner i gebyr. Eitt av køyretøya med overlast var ein utanlandsk turistbuss. Eit utanlandsk køyretøy stansa ikkje for kontroll og vart innhenta av politiet.