Hopp til innhold

Frå SISOF til Saman

Studentsamskipnaden som er eit resultat av samanslåinga mellom Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund, skal i Sogn og Fjordane heite Saman. På resten av Vestlandet skal namnet vere Sammen. Namnet spelar på samhald og meininga av å gjere noko i eit fellesskap, skriv dei i ei pressemelding.