Ingen forslag om kommunevåpen
Innbyggjarane i Hornindal har til no ikkje engasjert seg i utforminga av kommunevåpenet til den nye kommunen med Volda og Hornindal, skriv Fjordingen. Kommunane er samde om å slå seg saman, og namnet på den nye kommunen blir Volda. Folk i begge kommunane er bedne om å kome med forslag til kommunevåpen. Men til no er det berre kome inn fire forslag, alle frå folk i Volda.