Hopp til innhold

Dei fleste får førstevalet sitt

3523 søkjarar til vidaregåande opplæring får i dag tilbod om skuleplass på programområdet dei hadde som førsteval. Det er 87 prosent av alle søkjarane med ungdomsrett. Til saman har 4347 søkt om skuleplass for neste skuleår. Dei som ikkje får tilbod om plass i førsteinntaket eller ikkje kjem inn på førstevalet sitt i denne omgangen, får ein ny sjanse 28. juli.