Legg vekk dødsfall
Politiet vil legge vekk saka der ei tenåringsjente vart funnen død i ein fosterheim i februar i fjor. Det skriv Sogn Avis. Ifølgje avisa vil politiet legge vekk saka på grunn av manglande bevis. Advokaten til jenta sin biologiske familie, Louis Anda, seier at dei vil anke avgjerda til Riksadvokaten.