Hopp til innhold

Løyve til fleire kraftverk i fylket

Noregs vasskraft- og energidirektorat (NVE) skriv i ei pressemelding at dei har gitt løyve til Fossdalen kraftverk i Gulen kommune. Kraftverket skal ligge i Fossdalselva, og vil i løpet av eit år produsere straum tilsvarande 440 husstandar. På måndag fekk også sju vasskraftverk i Gloppen løyve frå NVE.