Hopp til innhold

Tunneltaket må sikrast

I føremiddag har ein geolog vore i Søreidetunnelen og vurdert tunneltaket. – Det må utførast reinske- og boltearbeid i området. Vi vonar at desse arbeida vil vere avslutta før dagen er omme, skriv Leif Henning Øyre i Statens vegvesen til NRK. Han håpar at tunnelen kan opnast att i morgon.