Hopp til innhold

Får ha søndagsope i sommar

I sommar kan butikkar og andre utsalsstader på Bulandet og Værlandet ha ope på søndagar og heilagdagar. Fylkesmannen har nemleg bestemt at øysamfunna i Askvoll kommune får status som «typisk turiststad». Ein «typisk turiststad» er eit samfunn der dei faste innbyggjarane er få i forhold til talet på besøkande, og der flesteparten av kundane i periodar er turistar.