Hopp til innhold

Lagar teater av Tjønn-roman

Sogn og Teater skal setje opp eit teaterstykke basert på boka «Alt det lyse og alt det mørke» av forfattar Brynjulf Jung Tjønn frå Vik. Boka som kom ut tidlegare i år, handlar om omsorgssvikt. Det blir urpremiere på nyåret 2019. – Det som rørte meg, er at vi også får høyre om den lyse sida. Kjærleiken og lojaliteten mellom barn og foreldre, og ikkje berre den mørke sida som vi ofte blir introduserte for i media, seier teatersjef Bodil Kvamme.