Hopp til innhold

Køyrde med promille

Ein mann i 20-åra frå Sunnfjord er dømd til fengsel i 25 dagar for promillekøyring. Ei blodprøve som vart teken ein time og tre kvarter etter at køyringa fann stad synte ein promille på 1,72. Under køyreturen køyrde mannen inn ein annan bil utan å stoppe, men heldt fram i høg fart. Mannen har vedgått hendinga. Han er og dømd til 8000 kroner i bot og er fråteken førarkortet i to år og fem månader.