Hopp til innhold

Sportsbil i 137 km/t på E39

Eit følgje med utanlandske sportsbilar vart i dag stansa ved Byrkjelo på E39 etter meldingar om hasardiøs køyring. Den eine av dei vart målt til 137 kilometer i timen. Han får køyreforbod i Norge, pluss ein stor sum å betale. Tre andre i følgjet vart målt til 106, 107 og 111 kilometer i timen.