Hopp til innhold

Melding om røykutvikling

Politi og brannvesen har rykt ut etter melding frå eit vitne om røykutvikling i Tefrevegen i Førde. Politiet har bil i området og finn ikkje noko røykutvikling. – Eg lurer på om det kan vere snakk om ei forveksling mellom brann og den låge skodda som er her akkurat no, seier Magne Faleide i politiet sin operasjonssentral.