Hopp til innhold

Uroa etter funn i Jøssingfjorden

Sjølv 30 år etter at fjorden sist vart brukt som deponi for gruvedrift, tyder ferske undersøkingar på at det nesten ikkje er liv på botnen av Jøssingfjorden i Rogaland. Det er Havforskingsinstituttet og Universitetet i Bergen som denne veka har sett i gang undersøkingar av fjorden. Forskarane meiner vi veit for lite om konsekvensane av deponering i sjø. Trass store protestar frå blant anna miljørørsla, har Nordic Mining fått grønt lys til å deponere gruveavfall i Førdefjorden.