Hopp til innhold

Bussjåfør stansa ikkje

Ein sjåfør av ein norsk buss blir meld til politiet fordi han ikkje stansa på ein kontroll Statens vegvesen hadde på Håbakken i Lærdal i dag. Eit norsk vogntog var overlasta og måtte lesse av før det fekk køyre vidare. Kontrollørane stansa også eit vogntog frå Litauen som tidlegare hadde fått påpeikt manglar. Desse manglane var ikkje utbetra.