Hopp til innhold

Vekselsvindel på Eid

På Amfi-senteret på Eid er det nokon som lurar beteninga i butikkane til å gi tilbake for mykje vekslepengar. Ifølge operasjonsleiar Bengt Næss i politiet skal svindlarane ha laga mykje kaos og vore veldig pågåande, men det er ukjent korleis dei greidde å forvirre beteninga. Ei politipatrulje er sett på saka.