Hopp til innhold

Vil lage ny dyr TV-serie

Aage Aaberge frå Sogndal vil lage den dyraste TV-serien i Norge, det skriv Bergens Tidende. Sogndølen er no i Cannes for å skaffe 200 millionar kroner til «Slaget om Narvik», og har sett seg til forhandlingsbordet med Netflix, BBC og andre gigantselskap. Aaberge, som er produsent i Nordisk Film, har tidlegare laga storfilmen «Kon-Tiki» som handlar om Thor Heyerdahl sin Kon-Tiki-ekspedisjon.

Aage Aaberge
Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix