Hopp til innhold

Dømd etter overgrep

Ein mann i 60-åra frå Hordaland er i Gulating lagmannsrett dømd for gjentekne seksuelle overgrep mot ein mindreårig. Overgrepa skjedde over fleire år på 2000-talet. Dei skal mellom anna ha skjedd i Ytre Sogn. Mannen er dømd til fengsel i tre år og to månader. I tillegg må han betale 150.000 kroner i erstatning til den fornærma.