Hopp til innhold

Har kartlagt skredfare


Bremanger kommune må gjere tiltak ved fleire kommunale bygg etter at NVE har vurdert skredfaren i 14 område i kommunen, det skriv Firdaposten. Rådmann Tom Joensen seier kartlegginga av skredfaren gir dei eit godt utgangspunkt for å bygge trygt i framtida. Kva tiltak som blir sett i verk ved bygga som ligg i område der det er høg fare for skred eller steinsprang, er enno ikkje bestemt.