Hopp til innhold

Brot i hovudavtalen

Konflikten mellom leiinga og fem fagforbund i Helse Førde, som hevdar at det har skjedd brot på Hovudavtala, går no til mekling sentralt. Dette er klart etter at Legeforeininga og Norsk sjukepleieforbund ikkje godtek forslaget om å bli samde, som leiinga la fram i eit møte mellom partane i går. HR-direktør Arne Skjelten i Helse Førde seier leiinga og fagforbunda har to ulike syn på saka, og at han difor ser fram til at sentrale partar finn ei løysing på konflikten.