Hopp til innhold

Fengsla i fire veker

Ein av dei tre brørne sikta etter brannen på Selje hotell i november i fjor vart i dag fengsla i ytterlegare fire veker. Mannen var tilsett i verksemda og nektar for å ha noko med brannen å gjere. To av brørne er tidlegare fengsla i åtte veker. I tillegg til brannstifting er mennene sikta for økonomisk utruskap og grovt forsikringsbedrageri.

Selje hotel
Foto: Oddleif Løset / NRK