Hopp til innhold

Ingen skadde i trafikkuhell

Ingen personar kom til skade då ein bil køyrde av vegen på fylkesveg 234 i Aurland like etter klokka 13. Ifølgje politiet var det to bilar som møttest, før den eine av dei køyrde av vegen. Dei fire personane i bilen kom ikkje til skade. Brannvesen og politi rykte ut til hendinga.