Hopp til innhold

Fengsla for ulovleg innreise

Fjordane tingrett har avgjort at ein austeuropear får forlenga varetektsfengsling. Mannen vart pågripen i Sunnfjord 7. mars og sat først i fire veker i varetekt og no nye fire veker. Mannen er sikta for brot på innreiseforbod etter å ha blitt utvist frå Norge. I tillegg er han sikta for vald mot offentleg tenestemann og for oppbevaring av narkotika.