Hopp til innhold

Skal lære av Åkneset

Folk frå Aurland kommune og beredskapsavdelinga til Fylkesmannen skal til Sunnmøre for å lære meir om beredskap mot fjellskred. Sidan i fjor har dei arbeidd for å lage ein plan for beredskap mot skred frå Joasetbergi i Aurland. Dei involverte ber no om eit møte med kommunar, politi og Fylkesmannen i Møre og Romsdal for å høyre om røynslene med beredskap mot fjellskred frå Åkneset i Storfjorden.